Økologisk Skjørost frå Røros-traktene er tildelt Beskyttet Betegnelse, dvs eit offentleg merke som garanterar at produktet er laga etter lokal tradisjon og har særpreg frå Rørostraktene.
Skjørost er ei skikkeleg "proteinbombe"; sunn, mettande og nesten feittfri. Skjørost er ein ferskost laga av syrna skummamjølk og mjølkesyrekultur, heilt utan andre tilsettingar. Namnet kjem av det gamalnorske ordet "skyr" som tyder "sur". Surmjølksostane har røter attende i viktingtida og vart nytta lenge før søtmjølksostane som er vanlege i dag.
I Røros-traktene vert skjørost tradisjonelt servert med rømme eller tjukkmjølk og litt sukker på, vanlegvis attåt spekemat.
Skjørost kan også nyttast i salatar, som salatost, i bakverk eller slik ein nyttar cottage cheese, Túrò, tvaroh og ricotta.
Frukosttips: Røros Yoghurt med skjørost og müsli/frokostblanding og evt. syltetøy eller bær.
Ingrediensar:
Økologisk, lavpasteurisert og ikkje-homogenisert skummamjølk og mjølkesyrekultur.