Luksusskrubb til ansikt og hals med handplukka ville blomar av rynkeroser (Rosa Rugosa) og raudkløver på Voss.
Skrubb ansiktet jamnleg med denne 100% naturlege skrubben laga av dei pleiande og næringsrike blomane på raudkløver og rose, malt saman med økologisk rismjøl. Dette gir ein mild, men effektiv skrubb og rens av ansiktshuden, fjernar smus, forureining og døde hudceller. Skrubb med rose og rødkløver gir huden glød og vitalitet blant anna.
Rose aukar sirkulasjon, kraft i huden, er beroligande og dufter himmelsk. Eg skjønar godt at kinesarane har skatta rose som ansiktsurt i uminnelege tider!
Raudkløver passar og godt til ansiktspleie, då den er rensande, styrkande og svært næringsrik.
Bruk som skrubb ca 2 ganger i veka:
ta ein liten mengde pulver (ca 1 ts) i handa eller i eit eggeglass td, bland med anten vatn rett i handa, eller med olje, naturell jogurt eller honning. Masser inn i huden med sirkelbevegelsar. Skyll av med lunka vatn. Smør deg så inn med ein næringsrik og god salve for eks.
Bruk som dagleg ansiktsrens:
ta ca 1 ts (eller mindre) i handa, bland med litt vatn frå springen og vask ansiktet lett med denne deilige grauten av blomar og rismjøl. Skyll.
Bruk som ansiktsmaske:
Bland ein liten mengde pulver med for eks honning (som renser, nærer og gir fukt til huden), påfør huden og slapp av mens maska får virke i ca 20 min. Vask av ved å skrubbe lett med lunka vatn.
Mengde: 100 ml
Haldbarheit: minst 12 min
Ingredienser: **roseblomar (Rosa Rugosa), ** raudkløverblomar, * rismjøl, Rose de mai eterisk olje
*frå økologisk landbruk
** frå ville vekstar på garden